Ledig stilling
Produksjonsmedarbeider/ montør
Me ynskjer å utvide vår moderne produksjonsavdeling med ein ny
kollega. Arbeidet vil bestå av skiltproduksjon og montering både
ute og inne.
Me produserer og monterer alle typar skilt og profilering. Mykje av produksjonen er retta mot industrien og teknisk skilting/merking.
I tillegg produserer og monterer me reklameskilt, profilering og utsmykking.
Produksjonen består i hovedsak av folieplotting og lasergravering. All produksjon er datastyrt, så søkjarar bør ha teknisk innsikt og vere kjent med
PC som arbeidsverkty. Me vil sjølvsagt gje nødvendig opplæring i bruk av software og utstyr.
Montering er også ein stor del av jobben. Dette kan vere innandørs i vår monteringshall, eller høgt til værs i lift eller stillas. Du bør derfor ha praktisk
sans og vere normalt frisk og sprek, (og helst ikkje ha høgdeskrekk...) Du vil også ha ein del kundekontakt og må ha evner til å arbeide sjølvstendig
og ta ansvar.
Hos oss vert du del av eit kreativt og positivt team med sterkt samhald. Me er i dag seks tilsette.
Ny grafisk designer er tilsett frå 1.mars, så då vert me sju. Kanskje vert du nummer 8?
Har du spørsmål vedrørande stillinga, kan du ta kontakt med Olav Anderssen på telefon 90 85 90 06 eller e-post
Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadressar. Du må aktivera javascript for å kunne sjå adressa.
Søknadsfristen er 10. februar
Skrifteleg søknad sendes på e-post :
Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadressar. Du må aktivera javascript for å kunne sjå adressa.
Alle søknader vert handsama konfidensielt.
|